arbeidsplass

Hardingsmolt som

Å drive teknologisk smoltproduksjon i dag er å drifte eit avansert system der vasskvalitet, teknikk og biologi heng tett saman. Derfor har me ei rekkje ulike oppgåver som gjerne spenner frå røkting av fisk, vedlikehald og administrasjon, i tillegg til alt arbeid med å flytta fisk mellom avdelingar og operasjonelt arbeid når brønnbåten kjem og me leverer fisken vidare. Røkting av fisk inneber til dømes jamleg prøvetaking, måling av vekt og kondisjon, overvaking av miljøet fisk for å sikre at den har det bra og veks slik den skal.

Driftsoperatørane har oppgåver knytta til røkting av fisken, og driftsteknikarane følgjer opp at dei tekniske systema fungerer og at det vert gjort vedlikehald av dei. Ei vaktordning med bemanning som har utfyllande kompetanse på kveldstid/helg er naudsynt. For at me skal kunne følgje opp fisken godt og raskt reagere har administrasjonsbygget i Tørvikbygd og på sjøanlegget på Koløy hyblar for dei som er på natte- og helgevakt. Me treng ulik kompetanse på jobb til ei kvar tid, så både driftsoperatørar og driftsteknikarar inngår i vaktordningane og deltek ved operasjonelle oppgåver som flytting av fisk. Dette gjer at ein sjeldan har ein lik dag.

Framtidsutsikter

Fleire har registert er det planert ut ei tomt ved sida av dagens anlegg. Det er plan om vidare utbygging, men dette er ikkje endeleg avklart endå. Prosjekteringa vil truleg starta i løpet av 2023. Byggetrinnet er for å auka kapasiteten med brakkvatn, altså for å ha fleire kar og avdelingar der fisken har plass til å vekse større.

Variert kvardag

“Me vil stadig verta betre og gjera tiltak for at fisken har det bra i anlegget.”

Send ein
Open søknad

Send ein open søknad til administrasjonssjef Marthe Knight:
marthe.knight@hardingsmolt.no

<p id="unique-id">video</p>