Ras-anlegg

Recirculating aquaculture system (Resirkuleringsanlegg)

Eit system for akvakulturproduksjon på land. Fisken vert produsert i ulike kar, og systemet består av ulike kar og karstørrelsar, røyr, filter, pumper, sensorar og så videre. Vatnet vert reinsa i eit biofilter og systemet har relativt lite vassforbruk. I laksenæringa er omtrent alle nye smolt-anlegg, RAS-system (før var det vanleg å bruke gjennomstrøymingsanlegg).

(Forklaring henta frå intrafish.no)

Tørvikbygd
Heile settefiskanlegget i Tørvikbygd er laga som RAS. Me brukar ferskvatn frå Tørvikvatnet, og sjøvatn som pumpast opp frå Hardangerfjorden. I eit RAS-anlegg er biofilteret sjølve hjarta i anlegget. I eit biofilter vert det danna ein biofilm på overflatene til små plastbitar (biochips). Biofilmen inneheld blant anna nitrifiserande bakteriar. Dette verkar i praksis som ein «kompostkultur» som syt for å omdanna giftig ammoniakk og ammonium som fisken skil ut, til ufarleg nitrat. På settefiskanlegget i Tørvikbygd er det fleire separate RAS med ferskvatn og brakkvatn (ferskvatn ispedd sjøvatn). For å unngå sjukdomsframkallande bakteriar vert alt vatn filtrert og reinsa ved inntak. Sjøvatnet vert i tillegg reinsa for sulfat, som redusera risikoen for at det vert danna hydrogensulfid (H2S). H2S er giftig for fisk, og ei sikring mot dette var ein viktig nøkkel for vår drift slik den er i dag. Løysinga er utvikla med teknologi frå oljebransjen, og me fekk støtte frå Innovasjon Norge for bidraget med å løyse denne utfordringa.

https://www.fiskeribladet.no/tekfisk/hardingsmolt-har-fatt-penger-til-pilotanlegg/8-1-63758