Aktuelt


Utbygging

Hardingsmolt AS står føre spennande tider, og vidare utbygging i Tørvikbygd er no godt i gang. Nøyaktig rekkefølge og tidsplan av byggetrinna er endå ikkje ferdigstilt, men prosjektet med utbygging av ny produksjonshall (Byggetrinn A) vart starta 1. september 2024. Dette byggetrinnet gjer at me vil få ein auka kapasitet i brakkvatnavdelinga vår med fleire kar og avdelingar der fisken har plass til å vekse større. Byggetrinn A vil vere estimert ferdig sommaren 2026. Til dels parallelt, vil me også iverksetje innebygging av ferskvatnavdelinga vår (Byggetrinn B). Dette vil tilføre auka areal for lagerplass samstundes som produksjonsflyten vert optimalisert med eit nytt klekkeri. For å få ein god arbeidsflyt vert også avdelingane knyta tettare saman med eit overbygg frå administrasjonsavdelinga der våre tilsette startar dagen sin (Byggetrinn C). Byggetrinn D inneber eit nytt og oppgradert vassinntak ved Tørvikavatnet. Det siste er allereie ferdig bygd.