Landanlegg

Anlegget i Tørvikbygd er eit RAS-anlegg. RAS står for «resirkulerande akvakultursystem». Dette er eit lukka oppdrettsystem der vatnet vert kontinuerleg resirkulert og reinsa i staden for at det blir slept ut og erstatta med nytt vatn. Dette gjer det mogleg å drive fiskeoppdrett på land med minimalt vassforbruk og høg kontroll over miljøet. Ferskvatnet me brukar kjem frå Tørvikavatnet. Sjøvatnet pumpast opp frå Hardangerfjorden.  Biofilteret spelar ei sentral rolle ved å bryte ned ammoniakk og andre nitrogenforbindelsar som fisken produserer. Biofilteret verkar i praksis som ein «kompostkultur» og ein sit att med ufarleg nitrat. For at me ikkje skal «regenerere» problem er reinsing både av inntaksvatn og undervegs ei ekstremt viktig arbeidsoppgåve i eit resirkulerande system.

Klikk på bileta for større versjonar

Våre barrierar og reinsesystem:

  • Mekanisk filtrering – fjernar faste partiklar i inntaksvatn, samt fôrrestar og avføring i resirkulert- og avløpsvatn.

  • Desinfeksjon – UV-lys og ozon brukast for å sikra inntaksvatn mot ytre bakteriar og sjukdomsspreiing internt.

  • Ultrafiltrering – brukast for å sikra inntaksvatn mot ytre bakteriar og virus.

  • Nanofiltrering – fjernar sulfat frå sjøvatn. Denne filtreringa er i tillegg så god at den sikrar inntaket av sjøvatn mot ei rekke bakteriar og virus.

  • Temperaturkontroll – held vatnet på riktig temperatur for optimal vekst, spesielt slik at fisken ikkje veks for fort.

Som den fyrste i landet, tok Hardingsmolt i bruk nanofiltrering i settefiskanlegg i 2015. Med teknologi frå oljebransjen og støtte frå Innovasjon Norge vart det utvikla ein ny måte å filtrere sjøvatnet slik at det ikkje vart danna hydrogensulfid (H2S). H2S er giftig for fisk, og ei sikring mot dette var ein viktig nøkkel for vår drift slik den er i dag. Løysinga er utvikla med teknologi frå oljebransjen, og me fekk støtte frå Innovasjon Norge for bidraget med å løyse denne utfordringa.

Les meir i Fiskeribladet sin artikkel: Pilotanlegg skal reinse sjøvatn for sulfat.