Heimdall

Ei pilotmerd, utvikla av ScaleAQ med pumpesystem frå Framo er planlagd igangsett på Koløy i 2027, der Hardingsmolt har drive med lukka oppdrett sidan 2019.

Heimdall® representerer eit gjennombrot innan lukka oppdrettsteknologi, og gir Hardingsmolt høve til å satse på berekraftig, energieffektiv og framtidsretta produksjon. Systemet gjer det mogleg for oss å skalere produksjonen, tilpasse oss ulike lokalitetar og dekkje fleire ledd i oppdrettssyklusen – utan at det går på kostnad av miljø, fiskehelse eller driftsstabilitet.

Heimdall® er eit skalerbart system bygd i stål og HDPE som gir anlegget høg robustheit og lang levetid. Pumpe- og vedlikehaldsløysingane i Heimdall® gjer det mogleg å utføre reingjering og service utan bruk av dykkarar, noko som aukar tryggleik og forenklar drift for våre tilsette.

Systemet er optimalisert for god vasstraum og maksimal vekst for fisken, samtidig som effektiv oppsamling av avfall sikrar eit reint miljø i merdane. Heimdall® har framifrå kapasitet på vassutskifting, med to fulle utskiftingar i timen ved lågt energiforbruk (70 kWh), noko som gir gode forhold for både fiskevelferd og miljø. Ein ekstra slamoppsamlar i sikkerheitsnettet gjev god kontroll på avfallshandteringa.

For å sikre optimale levevilkår for fisken, har Heimdall® eit kraftig oksygensystem der nanobobleteknologi skal sørgje for jamn og langvarig oksygenering (opp til 300 kg i timen). Dette vil gje stabile og gode vekstforhold gjennom heile produksjonssyklusen.

Vi setter svært stor pris på at en så erfaren aktør, med lukkede enheter, velger vår løsning. Vi ser virkelig frem til et godt samarbeid rundt dette
— Ben Øksnes, daglig leder ScaleAQ CAS