Personvern og bruk av informasjons-kapslar
Hardingsmolt tek personvern på alvor og ønskjer at du skal vita korleis me samlar inn og brukar opplysningar når du nyttar nettsida vår.
Nettsida brukar informasjonskapslar (cookies). Nokre er naudsynte for at sida skal fungera, medan andre vert brukte til analyse gjennom Google Analytics. Analyseverktøyet samlar inn anonymisert statistikk om korleis nettsida vert brukt, til dømes kva sider som vert besøkte og kva type eining du brukar. Me får ikkje tilgang til informasjon som kan identifisera deg direkte.
Du kan sjølv endra eller slå av bruk av informasjonskapslar i nettlesaren din eller via innstillingane i cookie-banneret. Viss du gjer det, kan enkelte funksjonar på nettsida verta påverka.
Opplysningar vert ikkje delte med andre enn dei tenesteleverandørane me treng for drift og analyse, og då berre i anonymisert form. Me oppdaterer personvernerklæringa ved behov.
Når du fyller inn skjemaet på sida, ber me om namn og e-postadresse. Desse opplysningane vert berre brukte for å kunna svara på førespurnadar frå deg, og me lagrar dei ikkje lenger enn nødvendig. Du kan når som helst kontakta oss for å be om innsyn, endring eller sletting av opplysningane dine.
For spørsmål eller innsynskrav kan du ta kontakt på post@hardingsmolt.no