Openheitslova
Openheitslova tredde i kraft 1. juli 2022 og skal sikre at bedrifter respekterer grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i produksjon av varer og tenester. Lova pålegg oss å kartlegge og vurdere risikoar både i vår eigen verksemd og i leverandørkjeda, slik at vi kan førebygge og handtere eventuelle negative konsekvensar.
Slik jobbar Hardingsmolt med openheitslova
Me gjennomfører aktsomhetsvurderingar for å identifisere og redusere risiko for brot på menneskerettar og arbeidsforhold, både internt og hos leverandørar.
Hovudansvaret for oppfølging av lova ligg hos styret og administrasjonen, og arbeidet er forankra i våre retningslinjer og internkontrollsystem.
Me nyttar bransjenettverk som Salmon Group for å dele ressursar og metodikk, og har eigne system for å kartlegge leverandørar på ein enkel og effektiv måte.
Hardingsmolt er GLOBALG.A.P. sertifisert, noko som gir ekstra tryggleik for at produksjonen vår er berekraftig og at vi har fokus på matsikkerheit, miljø, arbeidstakarar og fiskevelferd.
Informasjon og innsyn
Alle har rett til å få vite korleis Hardingsmolt arbeider med openheitslova. Du kan be om innsyn i våre vurderingar og tiltak ved å kontakte oss på post@hardingsmolt.no.