GreenBag

GreenBag er eit lukka konsept utvikla av Merdslippen. To GreenBag poser vart fyrst installert på Koløy i 2019, og har sidan blitt utvida til fire einingar. Ein GreenBag har eit volum på 6000 m³, er 19 m djup, har ytre diameter på 24,4 m og hentar vatn på 45 m djupne. Merdposen er laga av giftfrie materialar og den er dimensjonert for å tåle høg belastning og aldring ved bruk i sjøvatn.

Spesifikke vassinntak på 45-50 meter djupne gjer at fisken er skjerma mot ekstern påverknad og lakselus. Dei djupe vassinntaka gjer at ein også gjennom vinteren ligg med ein stabil temperaturar, noko som gir gode vekstvilkår for fisken. Systemet tilfører ekstra oksygen og pumper sikrar god sirkulasjon i vatnet.

Det lukka systemet gir oss god kontroll over miljøet fisken veks i, og gjer det mogleg å flytte fisken på ein skånsam måte. Merdposen vert under leveringsoperasjonar tømt for vatn på ein kontrollert måte når laksen vert flytta ombord i brønnbåten.