Karriere

Hardingsmolt er ei moderne oppdrettsbedrift med anlegg i Tørvikbygd og på Koløy i Fitjar. Her produserer me smolt og laks i avanserte anlegg, og satsar på teknologi, biologi og berekraft. Me er stadig i utvikling og utvidar anlegga våre, og treng fleire dyktige folk med ulik bakgrunn og kompetanse.

Arbeidskvardagen hos Hardingsmolt

Å jobbe hos oss betyr ein variert kvardag der du kan vere med på alt frå røkting av fisk, vedlikehald og administrasjon, til flytting av fisk mellom avdelingar og operasjonelt arbeid når brønnbåten kjem og fisken skal leverast vidare. Røkting av fisk inneber prøvetaking, måling av vekt og kondisjon, og overvaking av miljøet for å sikre at fisken har det bra og veks som den skal. Driftsoperatørar og driftsteknikarar har ansvar for tekniske system og vedlikehald. Ein del deltek i vaktordningar for å sikre god oppfølging av fisken – også på natt og helg. Me har hyblar for tilsette som har natte- og helgevakt.

Hos oss er ingen dag lik, og du får jobbe saman med kollegaer med ekspertise frå ulike fagfelt. Me er opptatt av å utvikle kompetansen til våre tilsette og tilbyr kurs og opplæring. Du får gode pensjons- og forsikringsordningar, og arbeidsstad i flotte omgjevnadar i Tørvikbygd og Fitjar.

Lærling hos Hardingsmolt

Hardingsmolt er godkjend lærebedrift og har fleire lærlingar innan ulike fag. Som lærling får du innblikk i korleis ein driftar lakseproduksjon frå rogn til sjø, via RAS-anlegg og lukka merd til sjøs. Du får vere med på mange ulike oppgåver og lære om samspel mellom biologi, teknologi og folk. Me samarbeider med Handalag Opplæringskontor og har praksiselevar innom gjennom året. Er du interessert i fisk, automasjon, sensorikk, teknologi eller industrifag? Då kan lærlingplass hos oss vere noko for deg!

“Me vil stadig verta betre og gjera tiltak for at fisken har det bra i anlegget.”

Jobbsøknad

Me er alltid på jakt etter kompetente og sjølvstendige personar med teknisk innsikt og interesse for oppdrettsnæringa. Me ser spesielt etter kandidatar med bakgrunn innan akvakultur, vasskjemi, kjemi, biologi, maskinteknikk, elektrikar og automasjon, men andre bakgrunnar kan også vere interessante. Brennande interesse for næringa er alltid eit pluss.

Hos oss får du:

  • Variert arbeidskvardag og utfordrande oppgåver

  • Gode utviklingsmoglegheiter og kurs

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Arbeidsmiljø med dyktige kollegaer 

Vil DU bli ein del av Hardingsmolt?

Ledige stillingar

  • Vil du bli med Hardingsmolt inn i ei spennande utviklingsfase?

    Om Hardingsmolt AS
    Hardingsmolt er ein leiande aktør innan produksjon av laksesmolt. Me har 30 tilsette i Tørvikbygd og 7 ved Koløyholmen, og planlegg store investeringar dei neste åra. Me er eigd av Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS og Fremskridt Laks AS, og har eit sterkt fokus på innovasjon og berekraftig utvikling. Anlegget vårt har 10 400 m³ karvolum på land og 24 000 m³ lukka volum i sjø. Me er ei ein utbyggingsfase no og sommaren 2026 utvidar me anlegget vårt på land med ytterlegare 13 800m³.

    Hos oss får du jobbe i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse, der me stadig utviklar oss og held oss oppdatert på aktuelle kurs og ny teknologi. Det er også moglegheit for å tre inn i bedriftas turnusordning.

    Om stillinga:
    Me søkjer driftsteknikar med fagbrev som elektrikar, automatikar, industrimekanikar. Andre relevante tekniske fagbrev kan også vurderast. Er du ein allsidig, sjølvgåande og løysingsorientert person med god teknisk innsikt? Likar du varierte arbeidsoppgåver og å bidra på fleire område? Då kan du vere den me ser etter!

    Arbeidsoppgåver:

    • Tilsyn, drift og vedlikehald av elektriske, mekaniske og automasjonssystem på anlegget

    • Systematisk og førebyggjande vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg

    • Oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem

    • Journalføring, registrering og rapportering av tekniske hendingar og vedlikehald

    • Deltaking i større arbeidsoperasjonar og praktisk problemløysing

    • Bruk av løfte- og lasteutstyr på anlegget

    • Bidra til oppdatering og forbetring av rutinar og prosedyrar

    • Vere ein ressurs på tvers av fagområde – typisk altmuligmann-oppgåver som drift, småreparasjonar, feilsøking og støtte til kollegaer


    Ønskte kvalifikasjonar:

    • Eitt eller fleire fagbrev og/eller fagskule

    • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

    • Erfaring frå driftsteknisk arbeid, gjerne frå oppdrett eller industri

    • Evne til å setje seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver og bidra til utvikling av arbeidsmetodikk


    Me tilbyr:

    • Konkurransedyktige vilkår

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar (AFP og innskot)

    • Moglegheit for utvikling og erfaring internt i organisasjonen

    • Arbeidsstad i flotte omgjevnadar i Tørvikbygd

    • Eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med fokus på HMS og utvikling


    Slik søker du:
    Send søknad og CV innan 31. mars 2026 til: marthe.knight@hardingsmolt.no
    For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, administrasjonssjef, på tlf. 941 77 549.

  • Du kan sende ein open søknad til administrasjonssjef Marthe Knight på marthe.knight@hardingsmolt.no.