GlobalG.A.P.

Hardingsmolt er GLOBALG.A.P.-sertifisert. Dette betyr at me følgjer strenge internasjonale krav for trygg matproduksjon, miljøbeskyttelse og god dyrevelferd. GLOBALG.A.P. er ein standard som sikrar at oppdrettsanlegget vårt driv berekraftig og ansvarleg, og at både fisken og dei tilsette har det trygt og godt.

Kva inneber GLOBALG.A.P.-sertifisering?
Me har rutinar og kontrollar som sikrar at fisken me produserer er trygg å ete. Me jobbar aktivt for å redusere påverknaden på naturen rundt oss, og har system for å handtere avfall og ressursar på ein ansvarleg måte. Fisken skal ha gode levevilkår, med rett fôr, god vasskvalitet og låg stressfaktor. Me har fokus på arbeidsmiljø, sikkerheit og velferd for alle som jobbar hos oss.

GLOBALG.A.P.-sertifiseringa blir kontrollert gjennom revisjonar og dokumentasjon, og me må vise at me oppfyller alle krav kvart år. Sertifikatet gir tryggleik for kundar og samarbeidspartnarar.

Kvifor er dette viktig?
GLOBALG.A.P. er ein av dei mest anerkjente standardane for berekraftig matproduksjon i verda. For Hardingsmolt betyr det at me kan dokumentere kvaliteten på arbeidet vårt, og at me tek ansvar for både miljø, folk og fisk. Dette er viktig for oss, for kundane våre og for samfunnet rundt.

GLOBALG.A.P. sertifikat