Lukka merdar

I 2016 fekk Hardingsmolt ein grøn konsesjon(1) for å utvikle lukka sjøanlegg og har sidan då utvikla Koløy til eit moderne anlegg for produksjon av postsmolt i lukka merdar(2). I 2019 kom dei fyrste merdane i drift på Koløy. I 2021 vart ytterlegare to merdar av same typen installert, slik at det no er fire lukka merdar på Koløy.

Koløy har i dag 24 000 m³ lukka merdvolum, og det er planlagt ytterlegare utviding. Sidan oppstarten på Koløy har Hardingsmolt produsert over 10 millionar fisk utan lakselus. Merdane har eit skånsamt miljø som hindrar skjellskadar, og ekstra oksygentilførsel gir gode vekstvilkår. Slam frå utgåande vatn vert samla opp kontinuerleg og handtert via filteranlegg. Lukka merdar beskyttar fisken mot ytre påverknader, reduserer miljøpåverknad og gir eit reversibelt fotavtrykk samanlikna med tradisjonelle opne merdar.

(1) Grøn konsesjon er eit miljøvenleg oppdrettsløyve gitt til anlegg som oppfyller strenge krav til teknologi og drift for å redusere miljøpåverknad, som til dømes bruk av lukka merdar og avansert reinsing av vatn. Målet er berekraftig produksjon og betre fiskehelse.

(2) Lukka merd er ein oppdrettseining der fisken vert halden i eit fysisk avgrensa miljø, typisk med ein vasstett pose eller tank. Vassinntak og avløp er kontrollert og vatnet sirkulerer kontinuerleg. Slam kan samlast opp.