Om oss
Hardingsmolt AS er ein leiande produsent av laksesmolt med anlegg i Tørvikbygd og Koløy (Fitjar). Me har røter tilbake til 1986, men dagens organisasjon vart etablert i 2006. Vår kjerneverksemd er å produsere smolt i lukka land- og sjøanlegg for å sikre fiskehelse og redusere miljøpåverknad. Avdelinga vår på Fitjar har vore drifta sidan me fekk grøn konsesjon i 2016.
Sjømat Norge er den største organisasjonen for sjømatnæringa i Noreg og ein sentral aktør innan fiskeri og havbruk. Foreininga samlar over 800 medlemsbedrifter og representerer heile verdikjeda frå fjord til bord. Hardingsmolt AS er medlem i både NHO og Sjømat Norge.
Salmon Group er eit nettverk av sjømatprodusentar som samarbeider for å styrkje berekraft, innovasjon og kunnskapsdeling i næringa. Gjennom felles innsats bidreg gruppa til utvikling og kvalitet i norsk oppdrett. Me er tilknytt Salmon Group gjennom eigaren vår Fremskridt Laks AS.