Dei ulike fasane
Rogn:
Stamfisk som vert avla for gode gener
Rognleverandørane leverer rogn heile året
Me kjøper rogn frå leverandør
Klekkeri:
Me legg inn rogn til klekking
Styres ved temperatur (døgngrader)
Fasen tek omlag 3 mnd
Yngel:
Startfôring
Laksen er yngel i ferskvatn
Fasen tek omlag 3 mnd
Presmolt:
Påvekst i større ferskvasskar (12m)
Fasen tek omlag 3 mnd
Vert flytta når fisken er smoltifisert
Smolt:
Fisken vert vaksinert
Flytta til brakkvatn (16 eller 20m)
Fasen tek minst 3 mnd
Smolten kan gå her lenger for å bli større
Postsmolt i sjø:
Laksen kan flyttast til Koløy, Fitjar
Vekstfase i lukka merd 6000m3
Sikra mot lus (hentar vatn på 50m)
Flyttast vidare ved 700-1500g
Laks i merd:
Fisken vert seld frå oss
Går i opne merdar på kysten
Behandlingar i brønnbåt ved behov (ikkje-medikamentelle som ferskvatn eller temperert vatn)
10-24 mnd avhengig av startpunkt, lokalitet, biologi, temperatur og fôring
Hentast av slaktebåt når leveringsklar
Laks under transport:
Fisken vert frakta levande i moderne brønnbåtar
Me er ansvarleg for frakt mellom landanlegg til eige sjøanlegg
I tillegg transporterer våre kundar fisk til sine merdar frå oss
Til slutt fraktast laksen til slakteri
Slakteri og eventuell bearbeiding:
Siste fase og fisken vert klargjort for kunde/forbrukar
Laksen frå oss vert stort sett selt internasjonalt
Sluttprodukta er både heil og foredla laks, fryst og fersk
Ein liten del vert også selt direkte i Norge som Salma-laks