verdikjede

Nokre ordforklaringar (henta frå intrafish.no)

Brønnbåt: Ein båt som er spesialbygd for å frakta levande fisk. Denne vert nytta både til transport av settefisk og slaktefisk.

RAS – recirculating aquaculture system: På norsk: resirkuleringsanlegg. Eit system for akvakulturproduksjon på land. Fisken vert produsert i ulike kar, og systemet består av ulike kar og kar størrelser, røyr, filter, pumper, sensorar og så videre. Vatnet vert rensa i eit biofilter og systemet har relativt lite vassforbruk. I laksenæringa er omtrent alle nye smolt-anlegg, RAS-system (før var det vanleg å bruke gjennomstrøymingsanlegg).

Yngel: Laksen vert kalla yngel i sitt første livsstadium etter klekking frå rogn.

Smolt: Laksefisk som har gått gjennom smoltifisering, og går frå å leve i ferskvatn, til å leve i saltvatn. I næringa vert begrepa smolt og settefisk brukt om ein annan, sjølv om ein settefisk strengt tatt er ein fisk som skal setjast ut i merd i sjø.

Settefisk: Ein settefisk kan vera ein postsmolt eller storsmolt, sjødyktig laks på typisk 200 – 500 gram. Tidlegare har settefisk vorte satt i sjø ved rundt 100 gram (mindre på haust, større på vår), men trenden dei seinare åra har vore å setje stadig større fisk i sjøen. Nokon firma har som mål om å auke gjennomsnittleg størrelse opp mot 500 gram. Fiskeridirektoratet definerer settefisk slik: «Settefisk er i akvakulturregelverket definert som rogn og fisk som produseres med sikte på overføring til andre lokaliteter eller annen type produksjon»