Ledige stillingar:
Ynskjer du å vere med Hardingsmolt i ein spennande utviklingsfase når me no utvidar anlegga våre? Me er på jakt etter kompetente og sjølvgåande personar med god teknisk innsikt og kompetanse for å bli ein del av vårt team. Hjå Hardingsmolt spelar me på lag med biologien, og laksen får naturlege veksttilhøve i økosystema me skapar for fiskane. For å få dette til må me beherske alle variablar som dannar eit stabilt grunnlag for vekst, og dei siste 10 åra har me gjort mykje nybrotsarbeid innan sikring av vannkjeldene våre. Stabil tilførsel av sjøvatn har vore ein av nøkkelfaktorane. Me var dei fyrste i Noreg som tok i bruk nanofiltrering av sjøvatn i havbrukssektoren for bruk på land, og me har hatt lukka sjøanlegg i drift sidan 2019. For å lage dette miljøet i eit fiskeanlegg, som er like mykje prosessanlegg, krevst system og automasjon og me søkjer difor:
Me søkjer Automasjons-ingeniør
Me ser for oss at du liker å jobbe i eit innovasjonsretta oppdrettsselskap. Du ser verdien av å jobbe saman mot eit felles mål saman med kjekke kollegaer med ekspertise frå ulike fagfelt. I denne stillinga vert dine arbeidsoppgåver varierte og beståande av til dømes:
utvikling, drift og vedlikehald av Hardingsmolt sine automasjonssystem
oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
deltaking i større arbeidsoperasjonar
Me treng deg som raskt kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og vere med og utvikle korrekt arbeidsmetodikk, men også ta del i praktisk problemløysing. Du har ei oppriktig interesse for teknologi og styresystem, og kommuniserer effektivt med dei rundt deg på norsk. Kanskje du er også interessert i samspelet mellom teknikk, kjemi og biologi.
Ynskte kvalifikasjonar
teknisk fagskule eller høgare grad innan elektro/automasjon
erfaring med PLS, HMI og Scada løysingar
praktisk og relevant erfaring innen automasjon, produktutvikling og prosjektarbeid
gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
gjerne også kjennskap til IT-strukturering og VPN løysninger for fjerntilkobling
oppfølging av ekstern igangkøyring og systemovertakelse
Hos oss vert du del av eit dyktig tverrfagleg team som jobbar tett saman for å gje gode veksttilhøve for fisken. Hardingsmolt er opptatt av å vidareutvikle kompetansen til våre tilsette og å halde seg oppdatert på aktuelle kurs.
Me kan tilby
konkurransedyktige vilkår
for den rette kandidaten er det moglegheiter for å bygge erfaring og utviklingspotensiale innad i organisasjonen
veldig gode pensjons- (AFP og innskot) og forsikringsordningar
arbeidsstad i flotte omgjevnadar i Tørvikbygd
Les meir om oss på våre nettsider. For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, administrasjonssjef på tlf. 941 77 549.
Søknad og CV vurderast fortløpande og sendes innan 30. april 2025 til: marthe.knight@hardingsmolt.no
Me søkjer automatiker
Me ser for oss at du liker å jobbe i eit innovasjonsretta oppdrettsselskap. Du ser verdien av å jobbe saman mot eit felles mål saman med kjekke kollegaer med ekspertise frå ulike fagfelt. I denne stillinga vert dine arbeidsoppgåver varierte og beståande av til dømes:
tilsyn, drift og vedlikehald av Hardingsmolt sine automasjonssystem
oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
deltaking i større arbeidsoperasjonar
Me treng deg som raskt kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og vere med og utvikle korrekt arbeidsmetodikk, men også ta del i praktisk problemløysing. Du har ei oppriktig interesse for teknologi og styresystem, og kommuniserer effektivt med dei rundt deg på norsk. Kanskje du er også interessert i samspelet mellom teknikk, kjemi og biologi.
Ynskte kvalifikasjonar
utdanning innen automasjon. God og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
erfaring med PLS, HMI og Scada løsninger
god kjennskap til parametersetting, idriftsettelse og feilsøking på automasjonssystem
gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
gjerne også kjennskap til IT-strukturering og VPN løsninger for fjerntilkobling
Hos oss vert du del av eit dyktig tverrfagleg team som jobbar tett saman for å gje gode veksttilhøve for fisken. Hardingsmolt er opptatt av å vidareutvikle kompetansen til våre tilsette og å halde seg oppdatert på aktuelle kurs.
Me kan tilby
konkurransedyktige vilkår
for den rette kandidaten er det moglegheiter for å bygge erfaring og utviklingspotensiale innad i organisasjonen
veldig gode pensjons- (AFP og innskot) og forsikringsordningar
arbeidsstad i flotte omgjevnadar i Tørvikbygd
Les meir om oss på våre nettside. For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, administrasjonssjef på tlf. 941 77 549.
Søknad og CV sendes innan 30. april 2025 til: marthe.knight@hardingsmolt.no
Me på Hardingsmolt er opptekne av å læra, og alle tilsette har ei eller anna form for utdanning. Hovedvekta av dei som jobbar her har fagbrev eller jobbar med å få det. For driftsoperatørar er fagbrev innan akvakultur og havbruk ynskjeleg, medan på teknisk side er erfarne arbeidarar med fagbrev innan røyr, automasjon, elektro, bygg, mekanisk eller andre tekniske disiplinar aktuelle.
Det vert jamleg tatt inn lærlingar. Per i dag er det fire personar i lære i Tørvikbygd på faget akvakultur.
I administrasjonen følgjer me opp kvalitet, produksjon, personale, HMS og tekniske system. Her er det ynskjeleg med høgare utdanning og relevant erfaring.
I tillegg til ferdigstilt formell utdanning (eller viljen til å få det) trengs det sjølvstendige tilsette med gode haldningar. Me som tilsette er heldige som får lov å jobba med fisk som til slutt vert fantastisk god mat, men i dette arbeidet ligg det mykje tillit. Tillit får ein ved å stadig verta betre og gjera tiltak for at fisken har det bra i anlegget.